Storsiger mot Bønes fredag
Forfatter: Konrad Risnes
24. september 2022
A-laget vann heile 7-2 mot bunnlaget Bønes i 5. divisjon fredag. Sander Rath var i det umoglege hjørnet og skåra fira mål :-)
Unge Inge Johan Hella stod for to av måla medan Steffen Haukeland skåra eitt på straffe etter at Sander vart felt innanfor 16-meteren.
Radøy ligg framleis på 3. plass, eitt poeng bak Minde på opprykksplass. Men Minde har spelt ein kamp meir enn Radøy så radværingane har alt i eigne hender. No ventar to tøffe kampar - først tabelleiar Djerv heime på Radøy, deretter Minde i Bergen.
I store deler av kampen fredag var det einvegskjøring, og det hadde ikkje vore urettferdig om Radøy hadde skåra meir enn ti mål. Bønes var imidlertid farlege på kontringar med eit par svært raske angriparar. Men dei skåra berre eitt mål på eit slikt angrep - det andre var sjølvmål der ein av Radøy-spelarane var uheldig på ein dødball.
Vi sender også ei stor takk til Ørjan Bongom. 48-åringen stiller alltid opp for klubben og har vore keeper i fleire kampar i haust medan Lars Olav Jøsendal har vore på rekruttskulen på Madla. Ørjan løftar laget og tilfører viktig rutine og ro i kampane.
F.v. målskårarane i kampen mot Bønes; Steffen Haukeland (1), Inge Johan Hella (2) og Sander Rath (4). Sander er no også desidert toppskårar i denne 5. divisjonspulja med 18 mål til no - fire mål meir enn nestemann.