Radøy FK er seriemeistrar!
Forfatter: Konrad Risnes
29. oktober 2022
Etter 2-0 siger heime mot Austrheim fredag vart Radøy FK sitt 5. divisjonslag seriemeistrar, tre poeng framfor Djerv. Opprykket vart sikra førre helg men det er sjølvsagt stas å toppe serien også etter fullført sesong.
I eit forferdeleg regnver og vind vart det mykje kjemping og duellar. Austrheim gjekk offensivt ut men utan å skape veldig mykje og det var få store sjansar tidleg i kampen. I det 20. minutt var Inge Johan Hella farleg frampå og vart felt innanfor 16-meteren. Straffen sette Steffen Haukeland som vanleg sikkert i mål - 1-0. Radøy tok meir over utover i omgangen. Etter ein dryg halvtime kom Malik Jallo Jamboria åleine med keeper. Keeper var nær ved å redde men Radøy-spelaren kom forbi og sette ballen i mål - 2 - 0.
I andre omgang la Radøy seg lågare i bana. Austrheim pressa på i medvinden men utan å kome til mange store sjansar. Den største sjansen i omgangen hadde Radøy ved Ingmar Hoen Tjore - som runda keeper men kom på litt for skrått hald slik at avslutninga gjekk like utanfor. Radøy sikra sigeren trygt i hamn og kunne juble for seriemeisterskapet då dommaren blåste av for 90 minutt.
Med denne sigeren kunne Radøy juble for å ha vunne alle 10 heimekampane denne sesongen. Laget har skåra 58 mål på 20 kampar - ikkje minst takka vere Sander Kjeseth Rath som med sine 20 mål er toppskårar i denne avdelinga. Fredag var han imidlertid vekkreist. Radøy har også betra forsvarsarbeidet sitt kraftig mot slutten av sesongen og berre sleppt inn to mål på dei siste fem kampane, deriblant mot dei beste laga i denne avdelinga. Dette er viktig å byggje vidare på.
Stor jubel i garderoben etter kampen Skutle i Aksjon (video)
Trass i det forferdelege veret møtte det opp godt med publikum i Austmarka. Det betyr mykje for laget sine prestasjonar og det betyr veldig mykje for Radøy FK som klubb.