[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Ny opptur for A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

15. oktober 2022

Forside
News article image

A-laget for menn vann 4-1 heime i Austmarka mot Tertnes 2 fredag og er no berre ein siger unna opprykk til 4. divisjon.

Tertnes 2 mønstra eit langt betre lag enn i vårkampen som Radøy vann 7-0. Det var denne gongen spennande heilt inn.

Radøy starta kampen best og skapte fleire store sjansar. Etter berre fem minutt skåra toppskårar i denne divisjonen, Sander Kjeseth Rath, første målet i kampen. Det såg då lyst ut for radværingane. Men også Tertnes 2 var frampå eit par gongar, ikkje minst på dødball, og i det 18. minutt utlikna Tertnes på ein retur etter frispark. 1-1 var også pauseresultatet.

Radøy starta friskt også i 2. omgang, og etter litt trykk framfor målet vart Morten Helland felt innanfor 16-meteren. Steffen Rydland Haukeland sette straffen sikkert i mål, 2-1. Dette var langt frå ein trygg siger og Tertnes var også frampå fleire gongar. Men Radøy var nok nærmast - ikkje minst med eit skot frå Steffen i tverrliggjaren og over. Det vart eit pusterom då Malik Jallo Jamboria heade inn eit innlegg i det 80. minutt. Tertnes flytta deretter spelarar framover i forsøk på å skåre, men i staden vart det Sander som skåra sitt andre for kvelden like før slutt.

Også på denne kampen var det godt oppmøte av publikum og naturleg nok god stemning etter mykje flott spel og siger til heimelaget. Vi er verkeleg i gang med å skape god gammaldags fotballstemning på den grøne øya.