Endeleg 3 poeng for 6 div laget.
Forfatter: Konrad Risnes
28. august 2022
Etter å ha levert mange gode prestasjonar i år men snubla i andre omgangane - held det heilt inn i kampen søndag 28. august mot tabelltrear Nore Neset 2
Kampen enda heile 4-0 til Radøy 2 heime på Sletta.
Radøy 2 stillte med ein 16-manns stor tropp og hadde hjelp frå nokre spelarar frå Radøy 1. Halvparten av troppen hadde junioralder.
Radøy hadde rimeleg god kontroll på kampen frå start til slutt, men Nore Neset var farleg frampå eit par gongar i starten. Radøy opna målprotokollen med at midtstoppar Marius Ludvigsen sende av stad eit kanonskot frå rundt 30 meter som gjekk i stonga og inn. Deretter auka Mailk Jallo Jamboria leiinga til 2-0 i det 25. minutt. Unge Gjermund Repål Namtveit (fylte 18 på laurdag) skåra det tredje målet 10 minutt før pause.
I denne kampen held Radøy 2 unna i 2. omgang og hadde i tillegg fleire enorme sjansar. Malik vart kløpt ned åleine med keeper innanfor straffefeltet få minutt før slutt, og Espen Urhaug sette straffen sikkert i mål.
Billedtekst: Malik Jallo Jamboria og veslebror Nurdin (17) spelte sin første kamp på same lag søndag. Nurdin er ein veldig lovande keeper som kom til Radøy i haust. Men i denne kampen spelte han spiss saman med storebror.