[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

God start for juniorlaget

Forfatter: Konrad Risnes

09. april 2024

Forside
News article image

Med 4-2 siger i første seriekamp i 2. divisjon mot Smørås var det god stemning i juniorlaget til Radøy tysdag.

Med 4-2 siger i første seriekamp i 2. divisjon mot Smørås var det god stemning i juniorlaget til Radøy tysdag.

Særleg dei 25 første minutta i kampen var Radøy veldig gode i det høge presset og skapte sjanse på sjanse. Mange fine angrep vart det. Kaptein Theodor Rønn-Aar kom stormande inn i feltet og heada eit innlegg flott i mål utagbart for keeper eit kvarter ut i kampen. Tre minutt seinare skåra Theodor Soldal Sæbø sitt første for kvelden før Martin Taule Måge auka til 3-0 i det 24. minutt. Laga gjekk dermed til pause på stillinga 3-0 til Radøy.
I andre omgang reduserte Smørås, før Theodor Soldal Sæbø skåra sitt andre for kvelden. Radøy sleppte inn eit mål til mot slutten, men sigeren var aldri alvorleg i fare. 

Bilettekst:
Theodor Soldal Sæbø spelte spiss i denne kampen og skåra to mål.

God stemning etter kampen: F.v. Andreas Herland Olsen, Isak Friis Thomassen, Scott Alexander Menzies og Theodor Rønn-Aar.