Magnus skåra to
Forfatter: Konrad Risnes
13. august 2023
3 poeng i første kamp i haustsesongen
Magnus Sundøy takka for seg for sesongen med to viktige mål for Radøy i 2-1 sigeren mot NHHI søndag.
Magnus har slite med skadar denne sesongen og har difor spelt veldig lite for a-laget. Han skal operere foten i veka som kjem og det er veldig mange som håpar han kjem sterkt tilbake neste sesong.
Radøy sitt a-lag har utfordringar med langvarige skadar på sentrale personar i laget og har for tida få spelarar tilgjengeleg. Men søndag leverte laget ein god prestasjon på ei våt og tung Sletta-bane. Ruben Vågenes leverte ein veldig god kamp etter returen frå Bremanger IL. Han har vore vekke to år i samband med studier og er ein spelar Radøy truleg vil få stor glede av framover.
Sigeren søndag var absolutt fortent og heimelaget hadde klart fleire sjansar enn gjestane frå Handelshøgskulen, sjølv om NHHI var nære på å utlikne på slutten. Radøy har brend ein del store sjansar denne sesongen og det skjedde også søndag. Men Magnus viste altså dei yngre spelarane på laget korleis det skal gjerast og sette to langskot i nettet.
Det er eit rotteres i nedste delen av tabellen i denne avdelinga. Radøy ligg no tredje sist med 10 poeng - det same som dei to laga over på tabellen. Truleg er det tre lag som kjem til å rykke ned frå denne avdelinga, så det blir ein spanande haust.