Radøy vidare i cupen
Forfatter: Konrad Risnes
13. juni 2024
A-laget går vidare til tredje runde i ballspark-cupen etter 4-1 siger borte mot Arna Bjørnar 2 på tysdag.
Sidan Arna Bjørnar 2 er eit 6. divisjonslag starta dei med eit straffespark før kampstart. Dette redda keeper Sigve Dragøy. Men etter ein svært nølande start av radværingane der ein spelte seg inn i trøbbel, skåra Arna Bjørnar 2 med eit langskot etter berre to minutt. Deretter tok Radøy meir tak i det og Arna Bjørnar skapte svært lite farleg i resten av kampen. Etter 8 minutt skåra Alexander Valdersnes sitt første av tre mål i kampen. Han skåra sitt andre like før halvtimen og Radøy gjekk til pause med 2-1-leiing.
Det var ingen stor kamp av Radøy men det kom seg litt etter pause. Radøy bomma også i denne kampen på fleire gedigne målsjansar. I det 50. minutt sette Magnus Sundsøy panna på ballen etter corner og Radøy gjekk opp i 3-1-leiing. Alexander sytte for hat trick i det 63. minutt og dermed kunne Radøy reise heim med siger og er klar for 3. runde i cupen.