Mathias Risnes går frå Radøy FK til Brann!
Forfatter: Radøy FK
25. august 2026
Mathias Risnes går frå Radøy FK til Brann!
Etter å ha gått gradene i Radøy FK sidan han var liten, tek Mathias Risnes no steget vidare. Den unge keeperen er klar for SK Brann sitt G17-lag.
Mathias Risnes er ein ekte Radøy-gut frå Manger, og har hatt heile si fotballkarriere her på Radøy. No ventar eit nytt kapittel for 16-åringen, som melder overgang til SK Brann.
Mathias har dei siste åra utvikla seg til ein solid og spennande keeper. Han har vore fast målvakt for Radøy sitt G16-lag, samtidig som han det siste året har vore ein del av juniorlaget på G19. I fjor haust fekk han også verdifull erfaring på seniornivå, då han var ein viktig bidragsytar for Radøy FK sitt B-lag.
Etter Norway Cup har Mathias trent med Brann i nokre veker, og no er overgangen klar. I Brann blir treningskvardagen i hovudsak saman med G17-gruppa. Ved enkelte høve vil han også få trene med Brann 2, medan den primære kamparenaen blir Brann G17.
For Mathias sjølv er det ei moglegheit han ikkje ønskjer å la gå frå seg.
«Det er ei moglegheit ein ikkje kan takke nei til, då ein gjerne berre får ein slik sjanse éin gong. Og dersom ein først skal melde overgang bort frå Radøy, er det ekstra kult å få gå til ein klubb som Brann.»
Ein ekte Radøy-gut
Sportsleg leiar i Radøy FK, Joakim Instebø Borlaug, er stolt over at ein spelar som har gått heile vegen i klubben no får sjansen til å prøve seg på eit høgare nivå.
«Det er veldig kult at ein ekte Radøy-gut som Mathias får denne moglegheita, og vi heiar sjølvsagt på han. Han har vist både mot og kvalitet gjennom fleire år – både på gutte- og juniornivå, men også dei gongene han har fått trene og spele kampar saman med seniorgruppa.»
Denne overgangen også kan vere viktig for fleire enn berre Mathias.
«Dette viser også dei yngre spelarane i Radøy FK at slike moglegheiter kan kome når ein spelar og utviklar seg i klubben vår. Vi håpar Mathias kan vere til inspirasjon for fleire av dei som kjem etter.»
Siste kamp i Radøy-drakta
I dag, Tirsdag 25. august spelar Mathias sin siste kamp for Radøy FK. Då møter G19-laget Åsane i Grønålen. For Radøy FK er det sjølvsagt vemodig å miste ein spelar som har vore i klubben heile livet, men først og fremst er det ein dag for å vere stolt.
Me gler oss til å følgje utviklinga hans vidare, og ønskjer Mathias masse lukke til i Brann!