[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Radøy FK fekk Fair play-klubbsertifikat for 2026

Forfatter: Radøy FK

18. november 2026

Forside
News article image

Den 4. november deltok Radøy FK på Fair play-samling i regi av NFF Hordaland på Fossemyra hos Kvernbit IL.

Samlinga samla deltakarar frå ulike klubbar og roller i fotballen, med fokus på inkludering, gode haldningar og korleis klubbane kan styrkje Fair play-arbeidet.

Eit av temaa var «HEI-sonen», eit inkluderande tiltak som Radøy FK allereie har teke i bruk i klubben.

Under samlinga fekk Radøy FK utdelt Fair play-klubbsertifikatet for 2026. Sertifikatet er ei anerkjenning av klubbens arbeid med Fair play, mellom anna gjennom kampvertordninga og fokus på Fair play på foreldre- og spelarmøte.

Gjennom gode innlegg og erfaringsdeling fekk me også inspirasjon og konkrete tips til det vidare arbeidet med å skape eit trygt, inkluderande og godt fotballmiljø for alle.

Radøy FK takkar NFF Hordaland for ei lærerik samling!