[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Avsluttning for Seniorlag Herre

Forfatter: Konrad Risnes

05. desember 2021

Forside
News article image

I går hadde herrelaget ei fin avsluttning på sesongen

I går hadde senior ei fin avsluttning for sesongen med Pizza, brus og premier leaguekamp på storskjerm i Løo til Arne.

Ein fin gjeng å vera ilag med, med mykje god humor og godt humør der me som er fødd på 70 talet og tidligare plutslig føler deg som ein 18-20 åring igjen.

Det vart delt ut premier for årets spelar, årets mest framgangsrike spelar og toppscorar:

  • Årets spelar, stemt fram av spelara og støtteapparat rundt laget. Her vart vår Kaptein STEFFEN Stemt fram som årets spelar. Dei kampane eg har sett av laget så har Steffen, om nokon har gjort ein tabbe/feil sprunge bort sagt nokre velvalgte ord og eit klapp på skuldra. Han tilbringer og mange timer på bana i Austmarka med egentrening.
  • Toppscorar: Med 10 mål denne sesongen stakk SANDER av med tittelen som toppscorar. Sander har aner i frå ei kjent fotball øy, Marøyne ! Og fotballspelara derifrå er kjent for å bøtta inn mål og han føl i fotspora deiras på ein glimrande måte. Håper på minst lika mykje mål neste sesong.
  • Årets mest framgangsrike spelar. Her var det GJERMUND som vart stemt fram av trenarane. Gjermund er junior så dette må vera ein fin inspirasjon for han og for andre ungdomer i klubben.

Men for at dei tre over her har kunna gjort det så bra så er man heilt avhengige av alle andre på laget og i støtteapparatet rundt laget, så ein stor applaus til alle.

No håper me att dei fleste er med vidare neste sesong og tar dette laget eit steg vidare.

I år har Ola vore hovedtrenar, Oddvar har vore hjelpetrenar og Jon Halstein, Øyvind og Frank har vore oppmenn/lagleiara. Kenneth har vore trenar for 6 divisjonslaget. Han kunne desverre ikkje vera med på avsluttninga i kveld.

I tillegg så fekk me ei fin helsing som de kan lesa her

"Hei Konrad! Jeg hører at dere har en liten feiring i kveld, tenkte at du kanskje kunne lese opp denne meldingen under festen, en hilsen fra det kalde nord.

Dere ser ut til å være en flott gjeng, og det spilles rett som det er fin fotball. Nesten opprykk og fjerde plass er OK. Noen forsvinner ut og nye kommer inn, Steffen har hatt en fin sesong, skal han ut av Radøy må han kikke godt opp i divisjonene. Sander scorer fine mål, men kan godt løfte blikket litt og gi assist oftere. Magnus må trappe ned på snusen og løpe mer! Lykke til med neste sesong og jakten på fjerde divisjon!

Hilsen fra Kjetil Knutsen og oss i Bodø Glimt!"