[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Ny viktig siger for 5. divisjonslaget

Forfatter: Konrad Risnes

19. september 2022

Fotball
News article image

Radøy vann 4-1 mot Voss 2 på Hordabø søndag ettermiddag 18. september og ligg med det på tredje plass, poenget bak Minde.

Men Radøy har èin kamp mindre spelt og kan difor avgjere topplassane i serien sjølv.

Vinn Radøy dei siste seks kampane vinn vi serien. Men det er tøffe kampar i vente, mellom anna mot dei to laga som no ligg framfor Radøy på tabellen. Det er ei tett og merkeleg pulje dette der det kan sjå ut som at alle kan ta poeng mot alle, så det kan bli spanande heilt inn.

Søndag starta Radøy veldig bra og dominerte kampen totalt første kvarteret. Etter berre to minutt skåra også Sander Rath. Siste halvtimen i første omgang fall imidlertid heimelaget kraftig i kvalitet og Voss 2 kom til store sjansar. Det resulterte i utlikning vel 20 minutt ut i omgangen og laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

I andre omgang tok Radøy meir og meir over spelet. Då Ingmar Hoen Tjore skåra etter eit innlegg på ein dødball i det 56. minutt og Inge Johan Hella etter ein flott assist frå Sander Rath to minutt seinare, var kampen meir eller mindre avgjort. Sander fastsette sjølv sluttresultatet til 4-1 i det 72. minutt.

Bilettekst: F.v. Sander Rath t.v. skåra to og hadde ein assist på kampen søndag og Inge Johan Hella t.h. skåra eitt. Ingmar Hoen Tjore hadde også eitt mål.