[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Rikke med 3 mål

Forfatter: Konrad Risnes

27. august 2023

Forside
News article image

Denne helga har både Herrelaget og Damelaget innkasert 3 poeng.

Damelaget var Søndag på Rossland i høstsesongens første bortekamp i det som skulle værta ein kamp med mykje sjanser til Radøy, Med mykje fint spel.

Men det var heimalaget som scora først etter mange enormt feite sjanser til Radøy, Men spelarane lot seg ikkje stressa og var tolmodige i spelet og holda ballen i laget.

Radøy var spesielt farlige når dei fekk slått ut på hutige vinger som kom rundt på kantane og fekk slått inn. Til slutt så var det ein fult fortjent 1-4 siger til Radøy.

Så ein meget fin start på hausten for damelaget.

Hildegunn scora 1-1 målet mens Rikke satte inn 3.


Tredje strake trepoengar for A-laget
Radøy vann 4-3 i heimeoppgjeret i 4. divisjon mot Øystese/Norheimsund laurdag ettermiddag og har dermed fått ein langt betre start på haustsesongen enn på vårsesongen.

Radøy var farleg frampå fleire gongar i 1. omgang og i det 10. minutt vart Ritvars Rugins riven ned av bortelaget sin midtstoppar då han var gjennom åleine med keeper. Straffen sette kaptein Morten Helland sikkert i Nettmaskene.

Midtstopparane vart utvist og Radøy kunne spele 80 minutt av kampen mot eit bortelag med 10 mann.

Radøy kom til fleire svært store sjansar utan å skåre. Men Morten Helland auka leiinga til 2-0 etter ein knapp halvtime. Då såg det lyst ut for heimelaget. Men kort tid etter sleppte Øystese/Norheimsund til med to enkle skåringar. Det var dermed eit nokså stressa heimelag som måtte gå til pause på stillinga 2-2.

Men etter kvilen gjekk det berre to minutt før Dennis Padheim Børseim skåra på eit flott langskot frå over 20 meter og sende Radøy opp i 3-2-leiing. Etter kvart kom Tarald Kristoffersen inn frå benken og skapte fleire farlege sjansar. Han medverka også til situasjonen som førte til at Sander Rath sende heimelaget opp i 4-2-leiing kvarteret før slutt. Men heimepublikummet kunne berre senke skuldrene i to minutt før gjestane sleppte til og kunne skåre nok eit enkelt mål. Dermed vart det nokre nervepirrande minutt mot slutten før dommaren blåste i fløyta for siste gong.

Radøy ligg no på 8. plass med 16 poeng, eitt poeng bak Trio og tre poeng bak NBK. Radværingane har fire lag bak seg på tabellen. Det vert truleg tre lag frå denne pulja som rykker ned til 5. divisjon, så det kan bli ein tett og spennande haust. Neste laurdag spelar Radøy mot Odda på Sletta.