A-laget med uavgjort borte mot Trio
Forfatter: Konrad Risnes
01. oktober 2023
Den viktige bortekampoen mot Trio enda 3-3 for a-laget for menn. Poenget kan vere viktig, men det må mest truleg minst to poeng til for å sikre plassen i divisjonen. Det er tre kampar igjen å gjere det på.
Kampen starta godt for Radøy og laget leia 0-2 etter ein knapp halvtime. To flotte skåringar av Sander Rath og ikkje minst ei heading på bakre stolpe av Inge Johan Hella. Men så var det som om Radøy seinka garden ørlite og det førte til to enkle skåringar av heimelaget før pause.
Andre omgang var jamn men litt prega av kjemping meir enn flott spel. Ein halvtimes tid ut i andre omgang enda det med skåring til Trio. Men Radøy gav aldri opp og heilt mot slutten fekk Radøy kriga inn utlikninga ved Emmanuel Hofsvik. Neste laurdag ventar sterke Osterøy og det blir ein ny kamp heime på Radøy med kriging om dei siste nødvendige poenga.