Storsiger til A-laget
Forfatter: Konrad Risnes
11. juni 2022
A-laget for menn gav seg ikkje før det stod 0-7 i målprotokollen borte mot Tertnes 2 laurdag. Radøy toppar med det framleis 5. divisjonspulja.
Det var tidleg klart kvar poenga ville havna i denne kampen. Etter ni minutt skåra Elvir Mellingen første målet, 0-1. Han held på å skåre sitt andre, men vart lagt i bakken då han var gjennom og enda på legevakta. Eit klart frispark på 16-meterstreken (evt. straffe), men dommaren let det gå.
I det 20. minutt heada Ingmar Hoen Tjore mot bakre stolpe der Magnus Sundsøy heada vidare i nettmaskene. 0-2. Deretter skåra Ingmar sjølv, før Sander Rath og Morten Helland la på til 5-0 før fløyta gjekk for pause.
I andre omgang held Radøy fram med presset og det var nærmast eit under at det ikkje enda tofsifra til Radøy i denne kampen. Men det vart med ei skåring til for Sander og Even Rikstad sikra også at sluttresultatet var 7-0 til slutt. 3-4 ballar til enda i Tertnes sine nettmasker i 2. omgang, men vart annulert for offside.
Det er naturleg nok god stemning i A-laget etter vårsesongen så langt. Frå legevakta sendte Elvir denne meldinga til lagkompisane etter å ha fått tekstmelding om pauseresultatet: "Kjedeleg å vente på legevakta. Bra jobba kara. Vi treng målforskjell".
Vi håpar guten er snart tilbake på bana.
Billedtekst: Dei sju måla til Radøy var jamt fordelt i kampen mot Tertnes 2 laurdag: F.v. Magnus Sundsøy, Ingmar Hoen Tjore, Even Rikstad, Sander Rath (2) og Morten Helland. Elvir Mellongen skåra eitt - men var på legevakta då biletet vart teke.
Tekst og Bilete Jon Halstein.