Politiattest – Retningsliner for Radøy FK
Innhald:
1. Krav til politiattest2. Framgangsmåte for innhenting av politiattest3. Handsaming av politiattestar
1. Krav til politiattest
Radøy FK skal følgje NFF sine retningsliner for krav til politiattest
Seksuell trakassering og overgrep er straffbart og eit fullstendig brot med idretten sine mest grunnleggjande verdiar, og i strid med straffelova. Norsk idrett har vedteke at alle idrettslag frå 1. januar 2009 pliktar å hente inn politiattest for personar som skal utføre oppgåver for laget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
NFF har utarbeidd retningslinjer for kunnskap om og førebygging av seksuelle overgrep og trakassering, samt ein beredskapsplan for handtering av eventuelle saker.
Klubben må ha klare rutinar for kontroll av politiattestar for alle relevante verv.Det inneber:• Styret peikar ut ein politiattestansvarleg.• Rutinar for kontroll av politiattestar er implementerte.• Status for at alle relevante verv i klubben har levert attest.
Radøy FK skal stadfeste at alle med relevante verv har levert gyldig politiattest.
Rettleiing
Kva er ein politiattest?
Ein politiattest inneheld opplysningar om ein person for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare har fått førelegg eller er dømd for brot på enkelte føresegner i straffelova om seksualbrotsverk. Klubben har ikkje høve til å be personen om å hente inn politiattest for andre straffbare forhold.
I Noreg blir politiattest utferda for den perioden vedkomande har vore registrert busett i landet. For utlendingar med forholdsvis kort butid i Noreg vil derfor attesten vere av avgrensa verdi, sidan han berre dekkjer vandel i eit avgrensa tidsrom.
NFF sitt krav er at politiattesten blir fornya kvart tredje år.
I frivillige organisasjonar der det er krav om politiattest, skal denne hentast inn og visast fram før personen startar i vervet sitt. Etter framvising kan ikkje organisasjonen rutinemessig krevje ny politiattest frå ein som framleis har same stilling/verv. Organisasjonen kan krevje ny politiattest dersom det gjeld nytt verv eller endra arbeidsoppgåver. Klubben må då utferde ei ny stadfesting på dette.
Kven er omfatta?
Ordninga omfattar alle tilsette og frivillige over 15 år som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
«Tillits- eller ansvarsforhold» er ikkje klart avgrensa storleikar, men eit sentralt element er at det må vere ein relasjon som strekkjer seg over tid.
Hovudregelen: Er ein i tvil, krev ein politiattest.
Den primære gruppa er laget sitt støtteapparat, men det vil òg omfatte instruktørar eller andre tilsette/tillitsvalde.
Ein oppsett dommar skal ikkje ha politiattest.
Dersom dommaren har ei mentor- eller rettleiaroppgåve i klubb eller krets, til dømes over ein sesong mot yngre dommarar, skal han eller ho ha attest. Det same gjeld for andre instruktørar innan ulike felt.
I nokre samanhengar vil klubben nytte eksterne fagpersonar, til dømes tolkar, fysioterapeutar eller liknande. Det er viktig at også desse viser fram politiattest, uavhengig av om ein er tilsett, engasjert, tillitsvald eller frivillig.
2. Framgangsmåte for innhenting av politiattest
1. Klubben bekreftar behov for politiattest
Politiattestansvarleg i Radøy FK utfyller bekreftelse på formål. til den som skal søkje om attest.
- Vanlegvis får du eit skjema eller ein digital bekreftelse frå klubben. https://www.politiet.no/globalassets/tjenester-admin/politiattest/bekreftelse-pa-formal-med-soknad-om-politiattest.pdf
- Dette viser at du treng politiattest for arbeid med barn.
2. Søkjar sender søknad på politiet si nettsidehttps://www.politiet.no/tjenester/politiattest/
3. Logg inn og send søknad
- Logg inn med BankID / MinID
- Vel type: Politiattest for arbeid med barn og unge (barneomsorgsattest)
- Last opp bekreftelsen frå fotballklubben
4. Søkjar får svar i Digipost eller e-Boks.
3. Handsaming av politiattestar
Når søkjar har fått politiattesten, må fotballklubben berre kontrollere og registrere at den er OK. Dei skal ikkje lagre sjølve attesten.
1. Søkjar viser attesten til politiattestansvarleg i klubben
Klubben sjekkar at:
- Attesten er utan merknader
- Namnet til søkjar stemmer
- Attesten er ny (vanlegvis ikkje eldre enn 3 månader)
2. Klubben registrerer at den er kontrollert, og slettar deretter attesten.
Klubben noterer berre at attesten er sett og godkjent.Dette vert registrert i FIKS
Følgjande punkt noterast:
- Namn
- Dato for framvisning av attest
- Kven som kontrollerte attesten
3. Attesten blir ikkje lagra
Etter reglane frå Norges Fotballforbund og Politiet skal klubben ikkje kopiere eller lagre politiattesten. Dei skal berre registrere at den er kontrollert.