Rollebeskriving for rekrutteringsansvarleg
Hovudoppgåver
· Ansvarleg ved oppstart av nye lag
· Ressursperson ved nyrekruttering til alle lag
Arbeidsoppgåver
· Sende ut informasjon om oppstart av nye kull gjennom barnehage, skule, heimeside og liknande.
· Registrere nye spelarar ved oppstart for 6-åringar.
· Være ein rettleiar på foreldremøte og trening i oppstartsfasen.
· Sikre at det er lagt til rette for at nye foreldre, trenarar og lagleiarar får informasjon om korleis fotball vert drive i Radøy FK ved oppstart for 6-åringar.
· Rettleie og informere nye trenarar og lagleiarar ved behov. Spesielt viktig der store delar av støtteapparatet rundt eit årskull eller lag sluttar.
· Koordinator mot dommaransvarleg, trenarrettleiar, sportsleg leiar og barnefotballansvarleg med fokus på rekruttering. Gjennomføre minimum 2 møter per kalenderår (før oppstart og evaluering etter sesong).
· Forventning om å delta på samlingar i regi av kretsen
Organisasjonsmessig tilknyting
· Rekrutteringsansvarleg er medlem i sportsleg utval.
· Samarbeide tett med sportsleg leiar.
Ønska kvalifikasjonar
· Bør vera ein kyndig person med trenarbakgrunn i klubben
· Kunnskap om barnefotball
Engasjementsperiode
· Rekrutteringsansvarleg sit minimum 2 år om gongen for å sikre kontinuitet.
· Rolla vert utpeikt av styret etter direkte dialog med kandidatar.