Rekrutteringsplan for styre og verv i Radøy FK
Mål
Sikre at klubben til ei kvar tid har kompetente og engasjerte personar i styret og frivillige verv, slik at klubben kan utvikle seg og gje eit godt aktivitetstilbod.
Ansvar
- Valnemnda har hovudansvar for rekruttering til styret.
- Styret og utval har ansvar for rekruttering til eigne arbeidsgrupper og verv.
Rekrutteringsprosess
1. Kartlegg behov for styreverv og frivillige ressursar innan 1. november kvart år.
2. Utarbeid oversikt over aktuelle kandidatar frå:
- Føresette
- Tidlegare spelarar
- Tidlegare frivillige
- Aktive utøvarar
3. Personleg kontakt skal vere hovudmetode for rekruttering.
4. Kandidatar skal få tydeleg informasjon om oppgåver, ansvar og tidsbruk.
5. Nye tillitsvalde skal få god opplæring og ein kontaktperson i klubben.
Prioriterte verv
- Styremedlemmar
- Trenarar og lagleiarar
- Sportsleg utval
- Trenarrettleiarar
- Kontrollutval og Valnemd
Tiltak for å behalde frivillige
- Tilby relevant kurs og kompetanseutvikling.
- Fordele oppgåver på fleire personar for å redusere belastninga.
- Gjennomføre årleg evaluering av frivilligarbeidet.
Evaluering
Styret vurderer status for rekruttering og frivillige ressursar minst to gonger årleg og justerer tiltak ved behov.
Målsetting: Alle styreverv og sentrale frivillige funksjonar skal vere besette eller ha ei ny innstilling frå valnemda innan årsmøtet kvart år