Manger cup 2026
Rollebeskriving for ansvarleg trenarrettleiar
Føremål med rolla Trenarveiledaren skal bidra til å utvikle trenarane i klubben slik at dei skaper eit trygt, inkluderande og utviklande fotballmiljø for alle spelarar. Rolla skal sikre at klubbens sportsplan og verdiar blir følgde i trenings- og kamparbeidet.
Ansvarsområde
1. Oppfølging og rettleiing av trenarar
- Vere fagleg støtte og sparringspartnar for trenarar i klubben.
- Observera treningar og kampar, og gi konstruktive tilbakemeldingar.
- Bidra til refleksjon og læring hos trenarane.
- Hjelpe nye trenarar med å kome godt i gang i rolla.
2. Implementering av klubbens sportsplan
- Sikre at trenarane kjenner og følgjer klubbens sportslege retningslinjer.
- Bidra til felles forståing av spelestil, treningsprinsipp og utviklingsmål.
- Fremje god praksis på tvers av årsklassar.
3. Kompetanseutvikling
- Kartleggje behov for trenarutvikling.
- Oppmode trenarar til å delta på kurs og faglege samlingar.
- Arrangere interne fagmøte, forum og erfaringsutvekslingar.
- Dele relevant fagstoff og beste praksis.
4. Kvalitetssikring av spelarutvikling
- Bidra til at spelarane får eit tilbod tilpassa alder, ferdigheitsnivå og motivasjon.
- Sikre fokus på både sportsleg, sosial og personleg utvikling.
- Fremje eit positivt læringsmiljø med vekt på meistring og trivsel.
5. Samarbeid
- Samarbeide tett med sportsleg leiar og styret i sportslege spørsmål.
- Bidra til god kommunikasjon mellom trenarar, lagleiarar og klubbleiing.
- Vere ein pådrivar for klubbkultur og verdigrunnlag.
Ønskte eigenskapar
- God fotballfagleg kompetanse.
- Erfaring som trenar eller leiar innan fotball.
- Gode kommunikasjons- og rettleiingsferdigheiter.
- Evne til å motivere og byggje relasjonar.
- Strukturert, positiv og løysingsorientert.
Mål for rolla
- Auka kompetanse og tryggleik hos trenarane.
- Høg kvalitet på treningstilbodet i klubben.
- Betre samhandling mellom årsklassane.
- Fleire spelarar som opplever meistring, trivsel og utvikling.
- Ein tydeleg og felles sportsleg identitet i klubben.
Engasjementsperiode
- Trenarveiledar sit minimum 2 år om gongen for å sikre kontinuitet.
- Rolla vert utpeikt av sportsleg utval etter direkte dialog med kandidatar.