[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Attende

Rollebeskriving for rekrutteringsansvarleg 

Hovudoppgåver 

  • Ansvarleg ved oppstart av nye lag   
  • Ressursperson ved nyrekruttering til alle lag 

Arbeidsoppgåver 

  • Sende ut informasjon om oppstart av nye kull gjennom barnehage, skule, heimeside og liknande. 
  • Registrere nye spelarar ved oppstart for 6-åringar. 
  • Være ein rettleiar på foreldremøte og trening i oppstartsfasen. 
  • Sikre at det er lagt til rette for at nye foreldre, trenarar og lagleiarar får informasjon om korleis fotball vert drive i Radøy FK ved oppstart for 6-åringar. 
  • Rettleie og informere nye trenarar og lagleiarar ved behov. Spesielt viktig der store delar av støtteapparatet rundt eit årskull eller lag sluttar. 
  • Koordinator mot dommaransvarleg, trenarrettleiar, sportsleg leiar og barnefotballansvarleg med fokus på rekruttering. Gjennomføre minimum 2 møter per kalenderår (før oppstart og evaluering etter sesong). 
  • Forventning om å delta på samlingar i regi av kretsen 

 Organisasjonsmessig tilknyting 

  • Rekrutteringsansvarleg er medlem i sportsleg utval. 
  • Samarbeide tett med sportsleg leiar. 

Ønska kvalifikasjonar 

  • Bør vera ein kyndig person med trenarbakgrunn i klubben 
  • Kunnskap om barnefotball 

Engasjementsperiode 

  • Rekrutteringsansvarleg sit minimum 2 år om gongen for å sikre kontinuitet. 
  • Rolla vert utpeikt av styret etter direkte dialog med kandidatar. 
Custom image