[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Rutine for handtering av avvik frå sportsplanen 

Føremål 

Avvik frå sportsplanen skal registrerast og handsamast på ein strukturert, rettvis og open måte. Målet er rask korrigering, læring og lik praksis i klubben, ikkje skuldplassering. 

Ansvar 

  • Sportsleg utval (SU) har det overordna ansvaret for avvikshandtering. 
  • Sportsleg leiar koordinerer prosessen og fører naudsynte registreringar. 

Avvikshandtering 

1. Melding av avvik 

Avvik skal meldast til Sportsleg leiar 

2. Registrering og vurdering 

Sportsleg leiar registrerer saka og vurderer alvorsgrad, habilitet og behov for vidare oppfølging eller strakstiltak. 

3. Sakshandsaming 

Involverte partar skal få høve til å forklare seg. Sportsleg leiar eller Sportsleg utval innhentar naudsynt informasjon og fastset eventuelle tiltak, ansvar og fristar. 

4. Oppfølging og lukking 

Tiltaka skal følgjast opp og dokumenterast. Avviket kan lukkast når naudsynt korrigering er gjennomført og praksisen er i samsvar med sportsplanen. 

5. Rapportering 

Prinsipielle, alvorlege eller gjentekne avvik skal rapporterast til styret. 

Kommunikasjon og konfidensialitet 

Saker skal handsamast med respekt for dei involverte og i tråd med gjeldande krav til personvern. Involverte partar skal få naudsynt informasjon om utfallet av saka. Læringspunkt kan delast i anonymisert form. 

Arkivering 

Avvikssaker skal dokumenterast og lagrast forsvarleg med avgrensa tilgang til dei som har tenstleg behov. 

Læring og forbetring 

Registrerte avvik skal nyttast som grunnlag for læring og utvikling av klubben sine rutinar og praksis 

Revisjon av rutinen 

Sportsleg utval gjennomgår sportsplanen og tilhøyrande rutinar årleg i januar. Vesentlege endringar skal godkjennast av styret. Mindre oppdateringar av kontaktinformasjon og lenkjer kan gjennomførast administrativt og førast i endringsloggen. 

Prinsipp for handtering 

All avvikshandtering skal byggje på: 

  • tillit 
  • respekt 
  • likebehandling 
  • tydeleg kommunikasjon 
  • læring og utvikling framfor skuldplassering 
  • rask og føreseieleg oppfølging 

Målet er å sikre etterleving av sportsplanen, fremje læring og bidra til lik og rettferdig praksis i heile klubben. 

Attende

Custom image