[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Rutiner og retningslinjer for sesongplanlegging og kampgjennomføring 

 

Formål 

Radøy FK skal tilby ei trygg, inkluderande og godt organisert fotballverksemd i tråd med klubben sine verdiar, sportsplan og NFF sine Fair Play- og Kvalitetsklubb-prinsipp. 

1. Sesongplanlegging 

1.1 Planlegging av sesongen 

Før kvar sesong skal klubben: 

  • avklare talet på spelarar og lag i kvar årsklasse 
  • rekruttere og registrere trenarar og lagleiarar 
  • melde på lag innan kretsen sine fristar 
  • fordele treningstider og banekapasitet 
  • informere spelarar og føresette om sesongplanen 

Sportsleg leiar har ansvar for å koordinere planlegginga i samarbeid med trenarar og lagleiarar. 

1.2 Lagspåmelding 

Ved påmelding av lag skal det leggjast vekt på: 

  • at alle spelarar får eit aktivitetstilbod 
  • føremålstenleg gruppestorleik 
  • mest mogleg jamne kampar 
  • klubben sine sportslege retningslinjer 

Nivåpåmelding i ungdomsfotballen blir vurdert av sportsleg leiar og trenarteamet. 

1.3 Sesongplan for laga 

Kvart lag skal ha ein enkel sesongplan som minst viser: 

  • treningsperiode 
  • kampar og turneringar 
  • foreldremøte 
  • sosiale aktivitetar 
  • sesongavslutning 

Planen blir delt med spelarar og føresette før sesongstart. 

2. Kampgjennomføring 

2.1 Heimekampar 

Ved heimekampar skal laget sørgje for: 

  • Kampvert 
  • kioskansvarleg 
  • nødvendig baneutstyr 
  • mottak av motstandarlag og dommar 
  • gjennomføring av Fair Play-møte når dette er påkrevd 

2.2 Kampvert 

Radøy FK skal ha kampvert på alle heimekampar. 

Kampverten skal: 

  • vere synleg og tilgjengeleg 
  • ønskje lag og dommar velkomen 
  • bidra til ei positiv og trygg ramme rundt kampen 
  • følgje opp Fair Play på sidelinja 
  • vere kontaktperson ved utfordringar eller uønskte hendingar 

2.3 Fair Play 

Alle spelarar, trenarar, føresette og leiarar skal bidra til: 

  • respekt for dommaren 
  • respekt for motstandarlaget 
  • positiv kommunikasjon 
  • eit inkluderande og trygt kampmiljø 

Fair Play-helsing blir gjennomført før og etter kampen i samsvar med NFF sine retningslinjer. 

2.4 Etter kamp 

Etter kampen skal laget: 

  • takke motstandar og dommar 
  • rydde benk, garderobe og baneområde 
  • melde frå om eventuelle skadar eller hendingar 

3. Dommarar 

Klubben skal leggje til rette for god, trygg og rettferdig kampgjennomføring i tråd med NFF sine verdiar og retningslinjer. Dommaren er ein viktig del av kamparenaen og skal bidra til gode opplevingar for spelarar, trenarar, leiarar og føresette. 

Klubben skal arbeide aktivt for å rekruttere, utvikle og ta vare på dommarar, og sikre at dei får nødvendig opplæring, rettleiing og oppfølging. Klubben skal også fremje respekt for dommarrolla og leggje til rette for eit positivt samspel mellom dommarar, lag og publikum. 

 

3.1 Klubbdommarar 

Klubben skal ha ei klubbdommarordning som bidreg til god kampgjennomføring og utvikling av dommarar. 

Dommaransvarleg har ansvar for å rekruttere, følgje opp og utvikle klubbdommarar, sørgje for nødvendig opplæring og kampoppsett, samt vere kontaktperson i saker som gjeld dommarverksemda. 

Rolle, ansvar og oppgåver for dommaransvarleg er nærare beskrive i klubben si rollebeskriving. 

 

3.2 Ivaretaking av dommar 

Alle lag skal bidra til at dommarar opplever respekt, tryggleik og god oppfølging både før, under og etter kamp. 

4. Administrasjon og kommunikasjon 

4.1 FIKS 

Klubben skal ha nødvendige roller i FIKS for å handtere: 

  • lagpåmelding 
  • spelarregistrering 
  • kamprapportar 
  • overgangar 

4.2 Omberamming av kamp 

Ønske om flytting av kamp skal: 

  • avklarast med motstandarlaget 
  • følgje kretsen sine reglar 
  • godkjennast av ansvarleg lagleiar eller sportsleg leiar 

4.3 Informasjon 

Klubben sine offisielle informasjonskanalar er: 

  • Spond 
  • klubben si heimeside 
  • e-post 

Spelarar og føresette skal få informasjon om treningar, kampar og endringar så tidleg som mogleg. 

5. Tryggleik og ansvar 

5.1 Politiattest 

Alle trenarar, lagleiarar og andre med faste roller rundt laga skal ha godkjend politiattest i samsvar med NFF sine og Radøy FK sine retningslinjer. 

5.2 Førstehjelp 

Laga skal ha tilgang til enkelt førstehjelpsutstyr ved trening og kamp. 

Alvorlege hendingar skal meldast til styret etter klubben sine rutinar. 

6. Evaluering 

Ved sesongslutt gjennomfører laga ei enkel evaluering av: 

  • trivsel 
  • aktivitetstilbod 
  • Fair Play og klubbmiljø 
  • organisering av sesongen 

Erfaringane blir nytta i planlegginga av neste sesong. 

Attende

Custom image