Manger cup 2026
Sportsleg utval
Føremål
Sportsleg utval skal vere klubben sitt rådgjevande og koordinerande organ i sportslege spørsmål. Utvalet skal bidra til å utvikle fotballtilbodet i tråd med klubben sine verdiar, mål og sportsplan.
Hovudoppgåver
- Sikre at klubben føl vedteken sportsplan
- Bidra til utvikling av den sportslege verksemda i klubben
- Vere rådgjevande organ for sportsleg leiar og styret i sportslege spørsmål
- Arbeide for ein raud tråd frå barnefotball, ungdomsfotball og fram til seniorfotball.
- Følgje opp sportslege mål og tiltak vedtekne av styret
- Bidra til rekruttering og utvikling av trenarar
- Leggje til rette for erfaringsdeling og samarbeid mellom laga
- Drøfte og kome med tilrådingar i sportslege saker som vert lagde fram for utvalet
- Bidra til planlegging og gjennomføring av kompetansetiltak for trenarar og lagleiarar
- Vere pådrivar for gode verdiar, fair play og inkluderande aktivitet
Ansvarsområde
- Sportsplan og sportslege retningsliner
- Trenarutvikling
- Spelarutvikling
- Sportslege arrangement og tiltak
- Samordning mellom aldersgrupper og lag
Organisasjonsmessig tilknyting
- Oppnemnd av styret
- Rapporterer til styret gjennom sportsleg leiar
- Samarbeider med trenarar, lagleiarar og andre utval i klubben
Samansetjing
Sportsleg utval skal bestå av:
- Sportsleg leiar
- Barnefotballansvarleg
- Ungdomsfotballansvarleg
- Seniorfotballansvarleg
- Dommaransvarleg
- Rekrutteringsansvarleg
- Ansvarleg trenarrettleiar
Kvalifikasjonar
- Interesse for spelar- og trenarutvikling
- Kjennskap til klubben sin sportsplan
- Evne til samarbeid og heilskapleg tenking
- Engasjement for klubben sine verdiar og mål
Arbeidsmåte
- Ha jamlege møte gjennom sesongen
- Behandle sportslege saker etter behov
- Bidra til god kommunikasjon mellom lag, trenarar og styret
- Arbeide langsiktig for utvikling av klubben sitt sportslege tilbod
Målsetjing
- Skape eit trygt, utviklande og inkluderande fotballmiljø
- Sikre høg kvalitet på aktivitetstilbodet
- Utvikle spelarar, trenarar og lag i tråd med klubben sine verdiar
- Bidra til at flest mogleg spelar fotball lengst mogleg