Invitasjon til temakveld: Reglar og sikker ferdsel i trafikken
Verdiane til Radøy FK vises både på og utanfor bana! Samhald, respekt, utvikling og mot
Som ein del av Radøy FK sitt samfunns- og verdiarbeid, og på vegen til å verte godkjent Kvalitetsklubb – inviterer vi spelarar frå 5. trinn og oppover, foreldre, trenarar og lagleiarar til årets temakveld.
Dato: 28. oktober 2026
Tid: Kl. 18:00 – 19:30
Stad: Utstillingshallen på Radøy ungdomsskule
I år har Radøy FK eit samarbeid med Politiet for å fremme fokus på trafikktrygging og korleis vi tek vare på kvarandre til og frå trening og kamp. Mange syklar, går eller brukar el-sparkesykkel, og vi ønsker å skape gode vanar og bidra til trygg ferdsel i lokalmiljøet vårt.
Tema for kvelden:
Hjelm, lys, refleks og utstyr på sykkel/el-sparkesykkel
Forebygging og kloke val i kvardagen
Påmelding:
Hugs å trykke «Kommer» i Spond.
Velkomen!