Trygge rammer – eit felles ansvar
Radøy FK har som visjon å vere ein klubb der alle får oppleve idrettsglede, fellesskap og meistring. Me ynskjer å leggje til rette for at born, unge og vaksne kan være fysisk aktive, utvikle seg om spelar og menneske, og kjenne seg som ein viktig del av klubben. Gjennom fotballen skal me skape eit trygt og inkluderande miljø der det er plass til alle, uansett nivåog bakgrunn. Me har fokus på å utvikle både ferdighetar, sjølvtillit og gode haldningar. Noko av det aller viktigaste for å kunne oppnå denne visjonen, er å sikre at me har trygge rammer i klubben vår. Då er det viktig å jobbe for felles haldningar hjå medlemmar, styret, og anna støtteapparat som tilhøyrer klubben, samt sikre tydelege og rettvise retningslinjerog rutinar.
På visse områder (sjå under) er det utarbeidd eigne rutinar/konkrete tiltak for å sikre trygge rammer.
Som NFF kvalitetsklubb, gjennomfører klubben årleg eit møtepunkt som omhandlar nettopp dette temaet: trygge rammer. Alle spelarar, trenarar og foreldre er velkomne til å vera med på samlinga.
Årlege tema knytte til tryggleik
Kvart år vel styret ut eitt eller fleire aktuelle tema som ein ynskjer ekstra fokus på. Målet med desse møta er å fremje felles forståing, gode haldningar, samt trygg og god praksis i klubben. Døme på aktuelle tema er
• Seksuelle overgrep og trakassering
• Doping
• Alkohol og rusmiddel
• Trafikktryggleik
• Kampfiksing og spelavhengighet
• Mobbing og rasisme
• Skadar og forsikring
• Kosthald og sunne vanar
Andre konkrete tiltak i Radøy FK for å sikre trygge rammer i klubbkvardagen
Seksuelle overgrep og trakassering
Radøy FK føl rettleiing og anbefalingar frå NFF og NIF. Klubben har politiattest-ordning og beredskapsplan. Styret skal gjennomføre årleg gjennomgang av status og rutinar.
Alkohol og rus
Klubben har tydeleg alkoholpolicy som ein del av trenaravtalar, samt informasjon til medlemmar og føresette. Aktivitetar i aldersbestemt fotball skal vere alkohol/rusfri, i tråd med NFF sine retningslinjer.
Trafikktryggleik
Transport til og frå kampar og aktivitetar skal skje på ein trygg og ansvarleg måte. Bruk av bilbelte, halde fartsgrenser og respekt for trafikkreglane er ein sjølvfølgje. Tryggleiken til medlemene kjem alltid først.
Mobbing og rasisme
Radøy FK har nulltoleranse for mobbing, rasisme og diskriminering. Klubben jobbar aktivt for eit trygt og inkluderande klubbmiljø.
Skadar og forsikring
Alle som trenar og spelar i Radøy FK skal vere registrerte medlemmar
• Til og med 12 år er spelar dekka av barneidrettsforsikringa
• Frå 13 år gjeld lagsforsikring, så lenge spelar er korrekt registrert i FIKS, samt har betalt kontingent
Mål og ansvar
Skape sportsleg og emosjonell tryggleik under rettvise og føreseielege rammer.
Styret kallar inn til det årlege møtet kring trygge rammer kvar haust