Radøy Fotballklubb sine verdiar, føremål og visjon:
SAMHALD • RESPEKT • UTVIKLING • MOT
Samhald:Vi støttar kvarandre, byggjer fellesskap på tvers av lag og skaper plass til alle. Det skal vera kjekt å vera ein del av Radøy FK, både på og utanfor bana. Både spelarar, medlemmar, støttemedlemmar og andre som høyrer til i klubben er like viktige for at me skal behalde det gode samhaldet me har i klubben vår.
Respekt:Vi møter spelarar, dommarar, motstandarar, trenarar og føresette med gode haldningar og eit godt språk både på, og utanfor bana.
Utvikling:Vi søkjer læring og framgang for klubb, leiarar, trenarar og spelarar. Utvikling vert vurdert breiare enn resultat.
Mot:Vi vågar å prøve, og å setje oss nye mål, samt å gje tilbakemeldingar og endre kurs når noko ikkje fungerar.
Visjon:
Gode opplevingar og idrettsglede for alle!
Føremål:
· Sikre eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for alle
· “Flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg”.Radøy FK ynskjer å rekruttere så mange som mogleg, behalde dei i klubben så lenge som mogleg, og leggje til rette for at spelarar, trenarar og dommarar skal ha høve til å verte så gode som mogleg.










